Når nokon døyr, vert livet brått forandra for mange. Dette kan ofte opplevast kaotisk og uoversiktleg. I denne situasjonen kan vi vere til hjelp.

Samtale med gravferdsbyrå

Sorg blir opplevd individuelt, men er alltid vanskeleg. Nokre føler at det å ta del i det praktiske arbeidet er godt for sorgprosessen, medan dei fleste ønskjer å overlate nødvendige gjeremål til gravferdsbyrået. For at de skal få tid til dykk sjølve, tek vi hand om det praktiske før, under og etter gravferda. Kva som skal gjerast, blir avtalt i ein planleggingssamtale med oss. Denne samtalen kan vi ha heime hos dykk, eller på eitt av kontora våre. I samtalen går vi gjennom og utarbeider ei oversikt over kva som skal gjerast. De bestemmer kva de vil ordne sjølve, og kva tenester de vil at vi skal utføre. Vi i Hjelmeland Begravelsesbyrå er tilgjengelege på telefon heile døgnet – også i helger og høgtider.

Sorg

Noko av det vanskelegaste vi menneske kan oppleve, er å miste nokon som står oss nær. Det er alltid noko ein ikkje fekk sagt, noko ein ikkje fekk oppleve ilag, og når døden inntreffer er det for seint. Vi som arbeider i gravferdsbyrå veit at det ikkje finst nokon snarveg gjennom sorga. Det finst heller ingen fasit for korleis sorg blir opplevd eller takla. Likevel kan det vere godt å la andre få ta del i det. Det er som regel alltid godt å snakke om det som opptar oss. Sjølv om kontakt med andre kan verke som ei belastning av og til, er det ei hjelp når vi skal tilpasse oss så store endringar som dette har medført.

Barn si sorg

Barn som opplever eit dødsfall har vanlegvis inga erfaring med det. Dei er heller ikkje vaksne nok til å setje ord på kjenslene sine. Men fantasien er godt utvikla, og derfor er det viktig å bruke tid saman med barna, lytte til dei og snakke med dei. Fantasien kan vere vanskelegare å forhalde seg til enn realiteten. Barna bør få ta del i det dei sjølve ønskjer, som for eksempel å sjå den avdøde i kista og vere med i gravferda. Det kan vere ei god oppleving for barnet å legge noko i kista til avdøde. Dette kan vere noko dei sjølv har laga, teikna eller skrive, blomar dei har plukka, eller ein gjenstand som betyr noko for barnet sitt forhold til den avdøde.

Dei eldste si sorg

Ei anna gruppe som er lett å gløyme i sorga, er gamle foreldre og besteforeldre. For foreldre er det like vondt at barna døyr, enten dei er unge eller eldre. Vi er ofte mest opptekne av ektefellen og barna til avdøde, medan ei einsleg gamal mor eller far ikkje får same merksemda. Vi treng alle eit medmenneske i sorga.

Dødsattest

Dødserklæringa (hovudattesten) vert skriven av ein lege. På attesten vert dødsårsaka skriven. Ved å kontakte den legen som har underteikna dødserklæringa, vil familien få opplyst dødsårsaka.

Ansvarleg for gravferda

Det er dei næraste pårørande som har rett til å bestemme over den avdøde – om det skal vere ein seremoni, kva slags seremoni, kvar den avdøde skal gravleggast osv. Det er naturleg at familien samarbeider om desse avgjerdene. Dersom den avdøde har skrive ned tankar eller ønske omkring gravferda si, bør det takast omsyn til. På eitt punkt må ein følgje avdøde sitt ønske: Dersom han/ho ikkje vil kremerast, bør det respekterast.

Gravstad

Det er kyrkjeverja i kommunen som tildeler gravstad og gjev informasjon om kyrkjegarden sine føreskrifter. Dei pårørande kan setje opp eit gravminne, vanlegvis ein stein, på grava dersom dei ønskjer det. Har de ein gravstad frå før, kan denne brukast dersom der er plass. De kan då setje opp eit midlertidig kors med avdøde sitt namn. Vi kan svare på spørsmål om gravsteinar, inskripsjonar og midlertidige kors dersom de har spørsmål om det. Ei grav vert festa for 20 år – som er vanleg fredingstid – med rett til fornying. Festaren av grava har ansvaret for å stelle ho. Dersom dette er vanskeleg å gjennomføre, kan ein bestille stell av grava ved kyrkjeverja sitt kontor.

Melding om dødsfall

Det er mange instansar som skal underrettast ved eit dødsfall. Gravferdsbyrået melder dødsfallet til offentlege etatar, også skifteretten, NAV, Folkeregisteret, soknepresten sitt kontor og politiet. Pårørande må sjølve melde om dødsfallet til mellom andre:

  • Bank, forsikringsselskap og fagforeiningar

  • Telefon-, nett- og straumleverandørar

  • Posten

  • Sosiale medium

  • Abonnement og andre foreiningar

Det er verd å merke seg at gjenlevande ektefelle og næraste arvingar kan overta ein del type abonnement og tenester, som til dømes telefonabonnement eller omregistrering av køyretøy.

Skifteform

Under informerer vi kort om dei tre skifteformene som finst. Spørsmål angåande skifte bør rettast til skifteretten, polititenestestaden eller ein advokat.

Uskift bu

Etter arvelova vil attlevande ektefelle ofte ha rett til å la vere å skifte like etter ektefellen sin død, og i staden behalde dødsbuet “i uskifte”. Det betyr at heile skiftet av dødsbuet med dine medarvingar vert utsett til seinare, og at du i mellomtida beheld dødsbuet til ditt rådvelde. Buet i uskifte vil som regel omfatte alt det attlevande ektefelle og avdøde ektefelle hadde i felleseige, og alt det attlevande ektefelle ervervar eller sparer opp som formue i tida fram til buet skal skiftast.

Offentleg skifte

Dersom det er vanskeleg å få gjennomført eit privat skifte, kan kvar arving krevje offentleg skifte; det vil seie at skifteretten skifter buet. Skifteretten vel ofte ein advokat som bustyrar. Skifteomkostningane ved salær til bustyraren, rettsgebyr, utgifter til takst m.m., kan bli ein relativt stor utgiftspost for dødsbuet.

(Kjelde: Justisdepartementets orientering til arvinger, 1992.)

Skifteattest

Eit dødsfall skal meldast til skifteretten. Dersom de ikkje er blitt kontakta av skifteretten innan to månader, bør de sjølve ta kontakt for å sette i gang skiftet. Når skiftet er gjennomført, vil skifteretten skrive ut ein skifteattest.

Annan praktisk informasjon

Fødselsnummer

Fleire offentlege kontor ber om avdøde og attlevande ektefelle sine fødselsnummer (11 siffer). Fødselsnummeret finst på bankkort, førarkort og skattekort, eller kan verte oppgjeve hos folkeregisteret.

Leilegheit

Dersom avdøde budde saman med ektefelle eller barn, har desse lovfesta rett til å fortsette leigeforholdet som avdøde hadde med utleigar. Dersom avdøde budde åleine eller saman med andre enn ektefelle og barn, må arvingane kontakte utleigar for å avtale vidare leigeforhold. Dersom det er behov for å rydde og vaske avdøde sin bustad, kan gravferdsbyrået gje informasjon om kven som kan hjelpe med det.

Lån og gjeld

Det råder ulik praksis ved ein låntakar sitt dødsfall. Pårørande bør kontakte långjevar for å få informasjon om overføring av lånet m.m. De bør og undersøke om avdøde hadde gjeldsforsikring.

Bank og post

Avdøde sine konti vil bli sperra og tidlegare fullmakter fell bort. Arvingane kan disponere avdøde sine midlar når skifteattesten frå skifteretten er skriven ut. Dei fleste bankar og postkontor vil i mellomtida bruke avdøde sine konti for rekningar i avdøde sitt namn ved framvising av dødsattest. Dette gjeld og faktura frå gravferdsbyrået.

Trygd og stønad

NAV utbetalar ei behovsprøvd gravferdshjelp, som pr. 1. januar 2023 er opptil 26 999 kroner. I nokre  tilfelle vil NAV også kunne yte transportstøtte. Vi i gravferdsbyrået kan orientere deg om dette. Eventuell pensjon frå Folketrygda vil siste gong verte utbetalt for dødsmånaden. Vi tilrår dykk å ta kontakt med NAV for informasjon og rettleiing om kva økonomisk hjelp som kan ytast. Ver merksam på at nokre fagforbund betalar heile eller delar av rekninga til gravferda. Husk å undersøkje kva avdøde hadde av private pensjonar og forsikringar. Dersom pårørande ikkje har høve til å betale kostnadane ved ei gravferd, må dei kontakte sosialkontoret i sin kommune. Dette bør skje før gravferda.