Gravferda er ein viktig dag kor familie og vener tek farvel med den som er død, og takkar for det livet som har vore.
Ulike sermoniar
Det er vanleg å velje ein seremoni som gjenspeglar den avdøde sine ynskjer og livssynsretning. Det er rom for fleire personlege val, uavhengig av kva for ein seremoni ein vel.
Vi i Hjelmeland Begravelsesbyrå har lang erfaring med å følgje pårørande sine ynskjer, og organisere ei løysing som heile familien vert nøyde med.
Vi bistår med å arrangere kyrkjelege, humanistiske og private seremoniar, samt seremoniar tilhøyrande andre religiøse trusamfunn. Det er og mogleg å arrangere ei gravferd utan ein seremoni.
Etter seremonien
Etter seremonien vert det laga ei minnebok til deg som blant anna inneheld minneord, dødsannonse, songhefte og bilde frå seremonien.
Urnenedsetting
Etter ei bisetting vert kista kremert og ei urne med avdøde si aske vert sett ned i grava. Pårørande kan ta kontakt med oss eller direkte med kyrkjeverje for å avtale tid for urnenedsettinga.
Gravstein
Når vi mister nokon vi er glad i, er det fint å ha ei grav å gå til. Vi hjelper deg i arbeidet med å utforme og velge stein, akkurat slik du ynskjer. Om ynskjeleg kan vi pusse opp og fornye eksisterande, og inngravere nytt namn på gravsteinen.
Ansvarleg for gravferda
Det er dei næraste pårørande som har rett til å bestemme over den avdøde – om det skal vere ein seremoni, kva slags seremoni, kvar den avdøde skal gravleggast osv. Det er naturleg at familien samarbeider om desse avgjerdene. Dersom den avdøde har skrive ned tankar eller ønske omkring gravferda si, bør det takast omsyn til. På eitt punkt må ein følgje avdøde sitt ønske: Dersom han/ho ikkje vil kremerast, bør det respekterast.
Kva seremoniar tilbyr Hjelmeland Begravelsesbyrå?
Hjelmeland Begravelsesbyrå bistår med å arrangere kyrkjelege, humanistiske og private seremoniar, samt seremoniar tilhøyrande andre religiøse trusamfunn. Det er og mogleg å arrangere ei gravferd utan ein seremoni. Ta kontakt med oss, så finn vi den beste løysinga saman.
Kva kostar ei gravferd?
Dei pårørande legg føringane for gravferda, og vi har alternativ som passar dei aller fleste. Ta kontakt med oss, så tek vi ein samtale om korleis de kan få til den gravferda de ønskjer.
Gravstad
Det er kyrkjeverja i kommunen som tildeler gravstad og gjev informasjon om kyrkjegarden sine føreskrifter. Dei pårørande kan setje opp eit gravminne, vanlegvis ein stein, på grava dersom dei ønskjer det. Har de ein gravstad frå før, kan denne brukast dersom der er plass. De kan då setje opp eit midlertidig kors med avdøde sitt namn. Vi kan svare på spørsmål om gravsteinar, inskripsjonar og midlertidige kors dersom de har spørsmål om det. Ei grav vert festa for 20 år – som er vanleg fredingstid – med rett til fornying. Festaren av grava har ansvaret for å stelle ho. Dersom dette er vanskeleg å gjennomføre, kan ein bestille stell av grava ved kyrkjeverja sitt kontor.
Melding om dødsfall
Det er mange instansar som skal underrettast ved eit dødsfall. Gravferdsbyrået melder dødsfallet til offentlege etatar, også skifteretten, NAV, Folkeregisteret, soknepresten sitt kontor og politiet. Pårørande må sjølve melde om dødsfallet til mellom andre:
Bank, forsikringsselskap og fagforeiningar
Telefon-, nett- og straumleverandørar
Posten
Sosiale medium
Abonnement og andre foreiningar
Det er verd å merke seg at gjenlevande ektefelle og næraste arvingar kan overta ein del type abonnement og tenester, som til dømes telefonabonnement eller omregistrering av køyretøy.
Skifteform
Under informerer vi kort om dei tre skifteformene som finst. Spørsmål angåande skifte bør rettast til skifteretten, polititenestestaden eller ein advokat.
Uskift bu
Etter arvelova vil attlevande ektefelle ofte ha rett til å la vere å skifte like etter ektefellen sin død, og i staden behalde dødsbuet “i uskifte”. Det betyr at heile skiftet av dødsbuet med dine medarvingar vert utsett til seinare, og at du i mellomtida beheld dødsbuet til ditt rådvelde. Buet i uskifte vil som regel omfatte alt det attlevande ektefelle og avdøde ektefelle hadde i felleseige, og alt det attlevande ektefelle ervervar eller sparer opp som formue i tida fram til buet skal skiftast.
Offentleg skifte
Dersom det er vanskeleg å få gjennomført eit privat skifte, kan kvar arving krevje offentleg skifte; det vil seie at skifteretten skifter buet. Skifteretten vel ofte ein advokat som bustyrar. Skifteomkostningane ved salær til bustyraren, rettsgebyr, utgifter til takst m.m., kan bli ein relativt stor utgiftspost for dødsbuet.
(Kjelde: Justisdepartementets orientering til arvinger, 1992.)
Skifteattest
Eit dødsfall skal meldast til skifteretten. Dersom de ikkje er blitt kontakta av skifteretten innan to månader, bør de sjølve ta kontakt for å sette i gang skiftet. Når skiftet er gjennomført, vil skifteretten skrive ut ein skifteattest.