Når du mistar nokon, er det godt å ha trygge menneske rundt seg. 

I snart 50 år har vi i Hjelmeland Begravelsesbyrå lagt til rette for personlege og verdige gravferder,

med omsorg og respekt for det som betyr mest for deg.

Du når oss på telefon heile døgnet, alle dagar.

905 50 905

post@hjelmeland.as

Person sittende på en brygge ved en innsjø, med en grå lue og joggedrakt, ser ut over vannet i skumringen.
Person sittende på en brygge ved en innsjø, med en grå lue og joggedrakt, ser ut over vannet i skumringen.

Til hjelp i sorga sidan 1978

Når ein mistar nokon ein er glad i, er det naturleg å verte usikker kring kva som må gjerast. Du treng ikkje stå i det åleine – vi er her for deg.

Vi bistår deg med blant anna:

  • Planlegging av gravferd; kiste, blomar og minnebok.

  • Seremoni og minnemarkering.

  • Pynting av kyrkja, annonser, songhefte og musikk.

  • Koordinere tidspunkt mellom stad, prest og andre.

  • Papirarbeid og skjema.

  • Nødvendige meldingar, søknader og transport.

  • Bestilling og oppsetting av gravstein.

Til stades der du er

Hjelmeland begravelsesbyrå har vore her i snart 50 år, og vi hjelper dykk med å lage ei personleg, fin og verdig gravferd akkurat slik de ønskjer.

Verkeområdet vårt er i desse kommunane: Kinn, Bremanger, Stad, Gloppen, Volda, Stranda, Fjord og Stryn.

Finn kontora våre på kartet

Les meir om oss her

Illustrasjon av ein person som heng opp helsingar og lys på snorer med hjarte

Besøk våre minnesider

På minnesidene kan du :

  • minnast den som har gått bort.

  • bestille blomar.

  • skrive ei helsing.

Her finn du òg annonsa frå avisa, samt praktiske detaljar kring gravferda – som tid og stad.

Sjå minnesidene her

En enkel linjetegning av to personer som omfavner hverandre. Den ene personen har langt hår og er iført en jakke, mens den andre har kortere hår og er kledd i en hjelm og yttertøy, og de ser ut til å dele et øyeblikk av nærhet.

Har du spørsmål ?

Her finn du svar på det mange lurer på når dei har mista nokon.

Hugs at du også kan ringe oss, kvar dag heile døgnet,

905 50 905.

Les ofte stilte spørsmål

Vi er her for deg