Til hjelp i sorga sidan 1978

Vi er her når de treng oss som mest, og hjelper dykk med å lage ei personleg, fin og verdig gravferd. Slik de ønskjer. 

Kontakt oss på tlf 905 50 905 eller post@hjelmeland.as

De kan kontakte oss heile døgnet. Vi har teieplikt og kan møtast til samtale på eitt av våre kontor, eller heime hos dykk.

Vi gir dykk tryggleik i ei vanskelig tid. Dei tilsette hos oss har skulering gjennom Virke Gravferd.

Gruppebiletet av alle dei fire tilsette hos Hjelmeland Begravelsesbyrå. Foto.

Gravferda

Hjelmeland Begravelsesbyrå bistår med å arrangere kyrkjelege, humanistiske og private seremoniar, samt seremoniar tilhøyrande andre religiøse trusamfunn.

Les meir

Minnesider og blomsterbestilling

Ei personleg nettside der vi kan minnast den som er død. Her finn vi også dødsannonsen. På minnesida kan de bestille blomster frå den lokale blomsterleverandøren.

Gå til minnesider

Ein stor bårebukett, med fargerike roser og liljer. Foto.

Ved dødsfall

Noko av det vanskelegaste vi menneske kan oppleve, er å miste nokon som står oss nær. I denne vanskelege tida tykkjer nokre at det er godt for sorgprosessen å ta del i dei praktiske oppgåvene som ligg føre, medan dei fleste ønskjer å overlate nødvendige gjeremål til gravferdsbyrået. For at de skal få tid og ro i sorga dykkar, tek vi hand om det praktiske før, under og etter gravferda.

Les meir

Nærbilete av ei bukett med snøklokker i blomstring. Foto.

Songhefter og minnebøker

Vi lagar både songhefter og minnebøker. Songheftene trykkjer vi hos oss – medan minneboka får du tilsendt i etterkant. Denne inneheld blant anna minneord, annonse, songheftet og nærbilder av blomsterdekorasjonar.

Les meir om songhefter

Les meir om minnebøker

Gravstein

Når vi mister nokon vi er glad i, er det fint å ha ei grav å gå til. Vi tilbyr fleire, flotte gravsteinar slik at de kan heidre minnet til den de har mista. Ønskjer du å utforme steinen sjølv, er dette også mogeleg.

Les meir

Hjelmeland begravelsesbyrå kostnad

Det fins mange måtar å lage ein fin seremoni på, og det treng ikkje å koste meir enn det dykk er komfortable med. Ta kontakt med oss, så finn vi ei løysing som passar dykk.

Få svar på fleire vanlege spørsmål kring gravferd og dødsfall

Kor mykje kostar ein begravelse?