Ved dødsfall

Når nokon døyr, vert livet brått forandra for mange. Dette kan ofte opplevast kaotisk og uoversiktleg. I denne situasjonen kan vi vere til hjelp.

Samtale med begravelsesbyrået

Sorg blir opplevd individuelt, men det er alltid vanskeleg. Nokre føler at det å ta del i det praktiske arbeidet er godt for sorgprosessen, medan dei fleste ynskjer å overlate nødvendige gjeremål til begravelsesbyrået. For at du skal få tid til deg og dine, tek vi hand om det praktiske før, under og etter gravferda. Kva som skal gjerast, blir avtalt i ei planleggingssamtale med oss. Denne samtalen kan skje heime hjå dykk, eller på eit av kontora våre. Under samtalen går vi gjennom og utarbeidar ei oversikt over kva som skal gjerast. De bestemmer kva tenester de vil at vi skal utføre og kva de vil ordne sjølv. Vi i Hjelmeland begravelsesbyrå er tilgjengeleg på telefon heile døgnet. Dette gjeld og i helger og høgtider.

Sorg

Noko av det vanskelegaste vi menneske kan oppleva er å miste nokon som står oss nær. Det er alltid noko ein ikkje fekk sagt, noko ein ikkje fekk oppleve ilag, og når døden inntreff er det for seint. Vi som arbeider i begravelsbyrå veit at det ikkje finst nokon snarveg gjennom sorga. Det finst heller ingen fasit for korleis sorg blir opplevd eller takla. Likevel, kan det vere godt å la andre delta. Det er som regel alltid godt å snakke om det som opptar ein. Sjølv om kontakt med andre menneske kan verke som ei belastning, er det ei hjelp i bearbeidinga av sorga.

Barn si sorg

Barn som opplever eit dødsfall har vanlegvis ingen erfaring med dette. Dei er heller ikkje voksne nok til å setje ord på kjenslene sine. Men fantasien er godt utvikla. Det er derfor viktig å bruke tid saman med barna, lytte til dei og snakke med dei. Fantasien kan vere vanskelegare å forhalde seg til enn realiteten. Barna bør få ta del i det dei sjølv ynskjer, som for eksempel å sjå den avdøde i kista og å vere med i gravferda. Det kan vere ei god oppleving for barnet å legge noko i kista til avdøde. Dette kan vere noko dei sjølv har laga, teikna eller skrive, blomar dei har plukka, eller ein gjenstand som betyr noko for barnet sitt forhold til den avdøde.

Dei eldste si sorg

Ei anna gruppe som er lett å gløyme i sorga er gamle foreldre og besteforeldre. For foreldre er det like vondt at barna døyr, enten dei er unge eller eldre. Vi er ofte mest opptekne av ektefelle og barn av avdøde, medan ei einsleg gamal mor eller far ikkje får same merksemda. Vi treng alle eit medmenneske i sorga.

Dødsattest

Dødserklæringa (hovudattesten) vert skriven av ein lege. På attesten vert dødsårsaka skriven. Ved å kontakte den legen som har underteikna dødserklæringa, vil familien få opplyst dødsårsaka.

Ansvarleg for gravferda

Det er dei næraste pårørande som har rett til å bestemme over den avdøde om det skal vere ein seremoni, kva slags seremoni, kvar den avdøde skal gravleggast osv. Det er naturleg at familien samarbeidar om desse avgjerslene. Dersom den avdøde har skrive ned tanker eller ynskjer omkring gravferda si, bør ein også ta omsyn til dette. På eit punkt må ein følgje avdøde sitt ynskje: Dersom han/ho ikkje vil kremerast, bør ynskjet respekterast.

Gravstad

Det er kyrkjeverje i kommunen som tildelar gravstad og gjev informasjon om kyrkjegarden sine føreskrifter. Dei pårørande kan setje opp eit gravminne (vanlegvis ein stein) på grava dersom dei ynskjer det. Har ein gravstad frå før, kan denne brukast dersom der er plass. Ein kan då setje opp eit midlertidig kors med avdøde sitt namn. Vi kan svare på spørsmål om gravsteinar, inskripsjonar og midlertidige kors dersom ein lurer på dette. Ei grav festast for 20 år – som er vanleg fredningstid – med rett til fornying. Festaren av grava har ansvaret for å stelle grava. Dersom dette er vanskeleg å gjennomføre kan ein bestille stell av grava ved kyrkjeverje sitt kontor.

Melding om dødsfall

Det er mange instansar som skal underrettast ved eit dødsfall. Begravelsesbyrået melder dødsfallet til offentlege etatar, herunder skifteretten/lensmannen, trygdekontoret, Folkeregisteret, sognepresten sitt kontor og politiet (ved kremasjon). Pårørande må sjølve melde om dødsfallet til blant anna:

• Bank, forsikringsselskap og fagforeiningar
• Telefon-, nett- og straumleverandørar
• Posten
• Sosiale medium
• Abonnement og andre foreiningar

Det er verdt å merke seg at gjenlevande ektefelle og næraste arvingar kan overta ein del type abonnement og tenester, som til dømes telefonabonnement.

Skifteform

Under informerar vi kort om dei tre skifteformane som fins. Spørsmål vedrørande skifte bør rettast til skifterett/lensmann eller advokat.

Uskifta bu

Etter arvelova vil attlevande ektefelle ofte ha rett til å la vere å skifte like etter ektefellen sin død, og i staden behalde dødsbuet “i uskifte”. Det betyr at heile skiftet av dødsbuet med dine medarvingar utsettast til seinare, og at du i mellomtida beheld dødsbuet til fri rådigheit. Buet i uskifte vil som regel omfatte alt det attlevande ektefelle og avdøde ektefelle hadde i felleseige, og alt det attlevande ektefelle ervervar eller sparer opp som formue i tida fram til buet skal skiftast.

Offentlig skifte

Dersom det er vanskeleg å få gjennomført eit privat skifte, kan kvar arving krevje offentleg skifte, det vil seie at skifteretten skifter buet. Skifteretten vel ofte ein advokat som bustyrar. Skifteomkostningane ved salær til bustyraren, rettsgebyr, utgifter til takst m.m., kan bli ein relativ stor utgiftspost for dødsbuet.
(Kjelde: Justisdepartementets orientering til arvinger, 1992.)

Skifteattest

Eit dødsfall skal meldast til skifteretten. Dersom ein ikkje er blitt kontakta av skifteretten innan to månader, bør ein sjølv ta kontakt for å igangsetje skiftet. Når skiftet er gjennomført, vil skifteretten skrive ut ein skifteattest.

Anna praktisk informasjon

Fødselsnummer

Fleire offentlege kontor ber om avdøde og attlevande ektefelle sitt fødselsnummer (11 siffer). Fødselsnummeret finst på bankkort, sertifikat og skattekort, eller kan verte oppgjeve når ein kontaktar folkeregisteret.

Leiligheit

Dersom avdøde budde saman med ektefelle eller barn, har desse lovfesta rett til å fortsetje leigeforholdet som avdøde hadde med utleigar. Dersom avdøde budde åleine eller saman med andre enn ektefelle og barn, må arvingane kontakte utleigar for å avtale vidare leigeforhold. Dersom det er behov for å rydde og vaske avdøde sin bustad, kan begravelsesbyrået gje informasjon om kvar ein kan henvende seg.

Lån og gjeld

Det råder forskjellig praksis ved ein låntakar sitt dødsfall. Pårørande bør kontakte långivar for å innhente informasjon om overføring av lånet m.m. Ein bør og undersøke om avdøde hadde gjeldsforsikring.

Bank og post

Avdøde sine konti vil bli sperra og tidlegare fullmakter fell bort. Arvingane kan disponere avdøde sine midlar når skifteattesten frå skifteretten er skriven ut. Dei fleste bankar og postkontor vil i mellomtida bruke avdøde sine konti for rekningar i avdøde sitt namn ved framvising av dødsattest. Dette gjeld og faktura frå begravelsesbyrået.

Trygd og stønad

Trygdekontoret utbetalar ein behovsprøvd gravferdshjelp, som pr. 1. januar 2020 er opptil 24 734 kroner kroner. I enkelte tilfelle vil trygdekontoret og kunne yte transportstøtte. Vi i begravelsesbyrået kan orientere deg om dette. Eventuelle pensjonar fra Folketrygda vil siste gong verte utbetalt for dødsmånaden. Vi tilrår dykk å ta kontakt med trygdekontoret for informasjon og veiledning om kva for ei økonomisk hjelp som kan ytast. Ver merksam på at nokon fagforbund betalar heile eller delar av rekninga til gravferda. Husk å undersøk kva avdøde hadde av private pensjonar og forsikringar. Dersom pårørande ikkje har moglegheit til å betale kostnadane ved ei gravferd, må dei kontakte sosialkontoret i si kommune. Dette bør skje før gravferda.

Vi vil gjere vårt beste

Vi i begravelsesbyrået har lang erfaring i arbeidet med det som skjer i samband med eit dødsfall og i møte med sørgjande mennesker. Vi veit at det viktigaste for dei pårørande er at vi utfører vårt arbeid med verdigheit, og det gjer vi i alle ledd av vår verksemd. Som godkjend medlem av Virke Gravferd har vi forplikta oss til å følgje dei etiske reglane, og vi har sjølvsagt teieplikt.
Skulle det vere noko av det arbeidet vi har utført de ikkje er fornøgde med, er vi takksam om de tek kontakt med oss slik at vi saman kan prøve å løyse dette. Dersom de meinar at dykk ikkje får den hjelpa de treng, kan de klage til:

Klagenemnda for gravferdstjenester
Virke Gravferd
Boks 2900 Solli
0202 Oslo

Klagenemnda er eit samarbeid mellom Virke Gravferd og Forbrukerrådet.

Virke Gravferd
(Alle opplysningar er henta frå brosjyra utgitt av Virke Gravferd)

Vi er tilgjengelege 24 timar i døgnet, kvar dag, heile året.

Kontakt oss

Naturlege virkeområde

Naturlege virkeområde

Vi er medlem av Virke Gravferd og har forplikta oss til å følgje deira standard og krav for god gravferdsskikk. Alle tilsette har skolering og fagkurs gjennom Virke Gravferd.

2020© All rights reserved Hjelmeland Begravelsesbyrå

Made by LOS Digital AS