Om oss
Ring oss på 905 50 905. Telefonen er bemanna heile døgnet, kvar dag gjennom året. Du kan og nå oss på post@hjelmeland.as
Bjørn Solvik
Gravferdskonsulent
Tone Lise Loen
Gravferdskonsulent
Lone Vik
Gravferdskonsulent
Mariann Johansen
Gravferdskonsulent
Odd Kåre Hjelmeland
Dagleg leiar
Hjelmeland Begravelsesbyrå har vore ei familiebedrift sidan etableringa i 1978 og består i dag av fem tilsette, Bjørn, Tone Lise, Lone, Mariann og Odd Kåre. Dei tilsette er alle skulerte gjennom Virke Gravferd og har lang erfaring med å yte hjelp og støtte til pårørande i vanskelege situasjonar. Vi er her for å gje dykk tryggleik og hjelp med alle dei gjeremåla som dukkar opp i samband med ei gravferd. Vi hjelper med val av løysingar slik at gravferda blir slik de ønskjer. Vi ordnar alt av papirarbeid, transport, songar, dødsannonsar, – og vi syter for at eventuelle støtteordningar kjem til nytte i bruk.
Som medlem av Virke Gravferd har vi forplikta oss til å følgje høge krav i vår yrkesutøving.
Vi tilbyr våre tenester og har eit naturleg verkeområde i Vågsøy, Selje, Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Stranda, Fjord og Stryn.
Ønskjer du å treffe oss kan du gjere dette på eitt av kontora våre eller på telefon.
Nordfjordeid
Nordfjordvegen 4635
6770 Nordfjordeid
Gloppen
Nordstrandsvegen 12
6823 Sandane
Stranda
Storgata 8
6200 Stranda
Stryn
Tonningsgata 42
6783 Stryn
Vi er tilgjengelege 24 timar i døgnet, kvar dag, heile året.